Aksello flytter opp på Byx
Første veka i juli står dei splitter nye kontora til Aksello klare for innflytting, og dermed «byksar» Aksello-teamet frå 1. til 4. etasje.
Aksello tilbyr forretningsutvikling til eksisterande næringsliv som ynskjer å utvikle og omstille si bedrift både lokalt og regionalt. Dei tilbyr prosjektleiing for næringsutviklingsprosjekt i heile regionen. I tillegg leverer dei næringsutviklingstenester lokalt for Kinn kommune og er første kontakten til dei som ynskjer å starte ny bedrift.
Det gamle Sparebank-bygget, som i nokre år har heitt Peak og no heiter Byx, er i ferd med å bli fullstendig oppgradert, og framstår som særs moderne og naturlegvis med ein super-sentral lokalisering. I dette bygget legg ein opp til deling, samarbeid og eit inspirerande kontorfellesskap.
Vi trur at det å vere ein del av eit kontorfellesskap som det Byx representer vil tilgjengeleggjere våre tenester til næringslivet betre.
I august vert det offisiell opning av dei nye lokala, så følg med og kom innom når dei har fått på plass stoler og bord og kaffimaskin.